Kjøpsvilkår

Desse kjøpsvilkåra er gjeldande for alt sal på booking.peaksunnfjord.no, så lenge ikkje anna er skriftleg avtala mellom partane før leigeperioden finn stad.

Definisjon leigetakar

Med leigetakar blir det i dette dokumentet meint den person eller instans som reserverer hotdeskplass frå booking.peaksunnfjord.no.

Prisar

Alle prisar er oppgitt i norske kroner inkl. mva.

Reservasjon- og avtaleprosessen

Leigetakar sin reservasjon er bindande når reservasjonen er registrert i vårt datasystem. Vi er samtidig bundne av leigetakar sin reservasjon dersom denne ikkje er eit avvik frå det som blir tilbydd gjennom vårt reservasjonssystem, vår marknadsføring eller på ein annan måte.

Når vi mottek reservasjonen vil vi bekrefte ordra og automatisk sende ein ordrebekreftelse. Ordrebekreftelsen må bli lest nøye når den blir motteke, og det må bli undersøkt at ordrebekreftelsen er i samsvar med reservasjonen som er blitt gjort.

Informasjon gitt i vårt reservasjonssystem

Vi legg vekt på å gi kundane våre så korrekt informasjon om produktet som mogleg. Vi tek likevel atterhald om at skrivefeil eller tekniske feil i tekst, prisar og bilde kan skje, noko som kan medføre at vi ikkje kan levere i høve til opplysingar som er gitt i vårt reservasjonssystem, vår marknadsføring eller på annan måte.

Dette er ikkje inkludert i reservasjonen

  • Parkeringsplass
  • Telefon
  • IT-utstyr / PC
  • Forsikring
  • Lunsj

Vidare tek vi atterhald om at vi har rett til å kansellere ein reservasjon eller deler av denne dersom det ikkje finst fleire hotdeskplassar. Ved situasjonar som nemnd vil leigetakar få beskjed om dette, eventuelt saman med informasjon om kva vi kan tilby i staden for. Leigetakar vil få høve til å akseptere vårt nye tilbod med dei endringane vi angjev for reservasjonen, eller å kansellere sin reservasjon.

Ordren sin gyldighet

Ei ordre er gyldig når ordrebekreftelsen er motteke. Ordrebekreftelsen blir sendt på e-post. Ved ordrebekreftelse er det underforstått at leigetakar godtek å følgje booking.peaksunnfjord.no sine kjøpsvilkår. Ei ordre/ein reservasjon er gyldig inntil leigeperioden er over, reservasjonen avbestilt eller at booking.peaksunnfjord.no skriftleg på e-post kansellerer ordra.

Tvistar

Partane skal forsøke å løyse eventuelle tvistar i godvilje. Dersom dette ikke har lukkast kan du bringe saken inn for Forbrukerrådet i nærleiken av der du bur. Alle tvistar skal løysast etter norsk rett. Blir saka bringa inn for domstolane, skal ho avgjerast i leigetakar sitt verneting, det vil normalt seie i nærleiken av der leigetakaren bur.